Sogneprest Søren Hansen

Søren Hansen

15/7-1986

Sogneprest Søren Hansen har fått hjemlov. Med ham har vår kirke mistet en av de mer særpregede og sentrale personligheter. Riktignok er det 28 år siden han forlot sognepreststilllngen i Østre Aker efter nådd aldersgrense, men fortsatt virket han i en årrekke som vikarprest og foredragsholder i Osloområdet.

Søren Hansen vakte forresten stor media oppmerksomhet da han 17. mai 1984 — 96 år gammel — hadde gudstjeneste i sin hjembygd Veierland i Vestfold, for derefter samme kveld å holde festtalen for dagen.

Da den unge Søren Hansen drog inn til hovedstaden for å studere teologi, var det mange veierlendlnger som ristet på hodet over en slik dårskap. For dette hadde aldri tidligere skjedd i det lille øysamfunnet. Her var det nær sagt en uskrevet lov at sønnen skulle følge i farens fotspor — enten ved å ta hyre I til sjøs eller å dra på hvalfangst. Dette var også den unge Sørens fremtid inntil han fikk kallet til å studere til prest. Han fulgte kallet til tross for vanskelige økonomiske kår. Statlige studielån fantes ikke. Studentene selv måtte finansiere sin utdannelse.

I 1914 ble Søren Hansen ordinert og samme år tilsatt som hjelpeprest ved domkirken i Bergen, derefter sogneprest i Fusa. så res. kap. i Larvik og fra 1931 res. kap. i Paulus menighet i Oslo. I 1946 ble Søren Hansen innsatt som sogneprest i Østre Aker efter presten og kirke-historikeren Ivar Welle.

Søren Hansen var en glad forkynner og ingen dommedagsprofet. Derfor fikk han også sterk kontakt ikke minst med ungdommen. Han møtte menneskene med åpenhet og forståelse, aldri med en løftet pekefinger. Og mange var de som søkte ham som sjelesørger. Oxford-be-vegelsen i midten av 30-åre-ne fikk stor betydning for ham, både personlig og som : forkynner. Det sosiale enga- 1 sjement, kampen for menneskeverd og mot nød og fattigdom, var blant de fremste bæreplanker i hans kristenliv.

Søren Hansens rike evner som organisator kom ikke minst til nytte under okkupasjonsårene hvor han snart ble en av de ledende skikkelser i kirkekampen.

Med Søren Hansen er en åndshøvding av stort format gått bort.

Hans Chr. Finstad.

 

 

På Veierland:

Landets eldste aktive sogneprest

To påskegudstjenester i nyoppusset kirke

Landets eldste aktive sogneprest må vel Soren H a n s c n fra Oslo være. Skjærtorsdag forrettet han — like inn på 86 år gammel — linder høymessen i Veierland kirke, hvor det også var nadverd.

— Det er aldri mange i Veierland kirke, men denne gang var det kanskje toppen av hva det pleier. sier sognepresten forsiktig til «Tønsbergs Blad». — 1. påskedag blir det igjen gudstjeneste her på øya.

— Hvorfor akkurat Veierland, sogneprest?

— Jeg er født her. har nieser boende på Veierland og dessuten har tre av mine gutter hytter på stedet. Derfor er jeg her alltid om sommeren og gjor da gjerne tjeneste i kirken, har sommerandakter og søndagsgudstjenester. Nu er jeg på Veierland bare i påskeferien.

— Det er stadig noe å gjøre for en pensjonert prest?

— Nu har jeg hatt tre gudstjenester på rad i Oslo. og over påske har jeg lovet meg bort for nok en.

— Er prestemangelen stor?

— Ikke akkurat i Oslo bispedømme. men mange andre steder i landet klager man svært. Så det er blitt temmelig mange vikariater efter at jeg tok avskjed, om enn bare leilighetsvis de par siste årene, sier Søren Hansen.

Sammenhengende vikartjeneste blir det ikke lenger så meget av for meg, men stadig er det ett eller annet — samvær og bibelgrupper for å nevne noe.

— Er Veierland kirke pusset opp?

– Innvielsen skulle vært 17. mars. men ble utsatt. Påskeguds-tjenestene finner imidlertid sted i en ferdig oppusset kirke. Det som gjenstår nu er visstnok bare en treskuptur over altertavlen, noe Hans Gerhard Sørcnsen arbeider med. Det er særlig i taket man har gjort et stort arbeide, mens farvene er forandret i hele kirkehuset. De er blit-t ganske ander-ledes harmoniske enn for. mener den 86 å rige sogneprest som har vært i tjeneste i innpå 60 år. Det var i 1915 han tok fatt på prestegjerningen.

Kulturhistorie Tjøme

Kulturhistorie

Kulturhistorien beskjeftiger seg med den menneskelige kulturs historie. Dette kan være dagligdags praksis så vel som finkultur, håndverk, kunst,
arkitektur, religiøse og andre åndelige forhold og immateriell kultur. Fagretningen studerer menneskers handlinger og tanker i fortid og nåtid og
forbindelsen mellom den materielle kulturen og menneskenes fortolkning av virkeligheten.
En kulturhistoriker undersøker kulturelle og historiske prosesser som tradisjon, endring,
innovasjon og spredning – av for eksempel gjenstander, handlinger og fortellinger.
Kulturhistorie som fag reflekterer over hvordan fortidens og nåtidens mennesker har levd sine liv og gitt mening til sin egen tilværelse.
Faget omfatter materialitet og praksis, fortelling, tradisjon og ritualer. Man forsøker å forstå enkeltmennesket som kulturelt vesen,
som skaper og som viderefører av mentalitet og kulturelle praksiser. Her samler vi tekster som til sammen gir et bilde av tjømlingers liv og levnet.

 

 

 

Vurderinger som framkommer i signerte artikler er ikke nødvendigvis, sammenfallende med redaksjonens synspunkter.

«Jomfru» eller «Pige»?

”JOMFRU” ELLER ”PIGE”?
Stein Tveite:

I den fyrste klokkarboka for Tjøme sokn, ført av Christian Haag, er det oppført giftarmål 1857 for ungkar og matros Christen Bentsen frå Treidane, med pige Elen Henrikke Abrahamsdatter frå Megarden (Utbygda). Det neste giftarmålet var for ”skibsfører” Lars Bochelie Gjertsen frå Hønsø, med jomfru Rise Marie Torgersen.
Christian Haag var nøye med innføringane i kyrkjeboka, for alle menn er det nemnt yrke. Men ikkje for kvinnene – her er det tale om ”pige” eller ”jomfru” (og enke eller ”enkemadame”). For åra 1853-1869 er det tale om 338 giftarmål for tidlegare ugifte kvinner, av dei var 54 ”jomfruer” (16%). Kva ligg til grunn for skilnaden? (Det er sjølvsagt ikkje tale om det vanlege innhaldet i nemninga, om dette hadde i alle fall ikkje klokkaren god nok kunnskap).
Det er klart at ”jomfru” er knytta til sosial status. Opphavet er å finne på 1500- og 1600-talet. Då var ”jomfru” nemning på ei ugift adelskvinne, til skilnad frå vanlege folk. Seinare blei det ei ”sosial gliding”, ordet blei tatt i bruk av embetsmenn og deretter av det øvre lag i byane. Fenomenet har ikkje vore emne for historisk gransking, såleis veit vi ikkje når dette uttrykket for sosial rangering kom i bruk på bygdene. Men midt på 1800-talet var det i alle fall eit innarbeidd system på Tjøme.
Rise Marie blei gift med skibsfører Lars Gjertsen. Det kunne vere tale om at ”jomfru” blei nytta om brura til menn med god økonomisk og sosial posisjon. Men slik var det ikkje. 1867 blei ”skibsfører” Even Evensen Moe på Helgerød gift med pige Karoline Barosilie (!) Gulliksen frå Bjørnevåg. På andre sida har vi jomfru Malene Christine Holm på Færder som 1856 gifta seg med matros Arnt Christensen. ”Jomfru” må ha til grunn høg status for far hennar.

Før eg går over til kven desse ”jomfrufedrane” var, er det nyttig å sjå på ein annan skilnad mellom ”jomfru” og ”pige”. For å gå attende til dei fyrste to brurene: Elen Henrikke Abrahamsdatter og Rise Marie Torgersen. Elen Henrikke står med ”patronymikon” – slik den gamle skikken var. Men far til Rise Marie heitte Hans Torgersen – ho hadde familienamn. Av dei 54 ”jomfruene” var det berre ei som stod med patronymikon: Christiane Magnusdatter, Sundane. Familienamn med endinga –sen var der 36 som hadde: Amundsen (Sundane), Evensen (Holtane), Gjertsen (Kjære, Pytt, Rød-Brøtsø), Hansen (Meø), Haraldsen (Bukkeli, Bustangen, Hulebakk), Larsen (Kråkere, Engø, Svelvika, Hønsø), Ludvigsen (Sundane), Poulsen (Ormelet), Thorbjørnsen (Gunnarsrød, Helgerød, Oppegard, Vestgarden), Thoresen (Kølabekk), Torgersen (Holme).
Men kva med dei 284 ”piger”? Vi såg at Karoline Barosilie stod skriven med Gulliksen. Men forutan henne var det berre 2 til: Josephine Marie Torgersen (Engø) og Theodora Olsen (Ormelet). Her kan det vere tale om ”glipp” frå Haag, eller at skikken med familienamn tok til å bli nytta av andre enn ”jomfrufolket”.
Men det var ikkje alle ”jomfruene” som stod med familienamn på –sen. Resten hadde gardnamn. Dei fleste høyrde til den garden dei budde på, såleis fem frå Sundane og ei frå Nes. Men dei er skrivne slik at gardnamnet er familienamn, klokkaren fører berre opp førenamn og gardnamn: Josefine Amalie Næss (dotter til Ole J. Næss), ikkje Josefine Amalie Olsdatter, Nes. Og i tillegg har vi dei som har eit namn som ikkje gjeld garden dei bur på: Thomine Brigida Røed frå Nedre Haug, Anne Marie Bochelie frå Gon, Alette Kruge frå Sandø, Nikoline Fredrikke Sundene frå Grimestad og Hanna Sundene frå Gjervåg.
Det skulle såleis stå fast att alle ”jomfruene” fører ”moderniserte” namnetypar, anten med –sen eller eit gardnamn, gjerne med ein spesiell skrivemåte (Bochelie, Næss). Men kva med ektemennene?

Av gamalt var det slik at namnet (for ein brukar) var sett saman av førenamn, patronymikon og gardnamn: Ole Larssen Bukkeli (f. 1767), son til Lars Olsen Bukkeli. Dersom ein mann flytta til ein annan gard, tok han det nye gardnamnet: Farbroren drog frå Bukkeli til Ødekjære, og heitte deretter Ole Olsen Ødekjær.
Det skjedde to skifte i denne namnemåten. For det fyrste heldt ein del menn på det gamle gardnamnet, etter at dei kom til ein ny stad: Son til Ola Larssen dreiv bruk på Gon 1813-1851, og skreiv seg L. O. Bockeli. For det andre slutta ein del å nytte gardnamn i det heile, og skreiv seg berre med eit –sennamn. Dette hadde lenge vore tilfelle med dei som ikkje dreiv jordbruk: Christen Eliassen (f. 1790) budde i Bukholmen, sonen Søren Christian Christiansen budde på Kirkebakken. Men det nye var at –sennamnet blei ført vidare uendra. Sønene til Henrik Torgersen Sandø (1786-1816) kalla seg Torgersen, ikkje Henriksen, og dei nytta heller ikkje gardnamn.
Lat oss fyrst sjå på ”jomfruektemenn” med familienamn på –sen, der dei hadde same sennamn som faren. Det galdt i alle fall for 22 av dei, forutan to frå Nøtterøy. Familienamna ser kjende ut, dei fleste: Gjertsen (Hønsø, Kjære, Pytt, Grimestad, Svelvika), Hansen (Meø, Haug), Haraldsen (Bustangen), Jacobsen (Honerød), Larsen (Svelvik, Kråkere), Poulsen (Ormelet), Thorbjørnsen (Holtekjær, Oppegard). I tillegg kjem Thomas Reiersen frå Ormelet, son til handelsmannen med same namnet.
Men 6 hadde ”ekte” patronymikon (forutan ein utanbygding). Men to av dei nytta gardnamn i tillegg, og to hadde skaffa seg ”jomfruer” utanbygds. I alle fall er det familienamn som dominerer.
Men kva med gardnamn som familienamn? Der er det i alle fall klart for dei 5 med namn frå ein annan gard enn der dei budde: Røed (Haug, Østjordet), Bochelie (Haug), Sundene (Gjervåg). For 4 til er det rimeleg klart at gardnamnet hadde gått over til familienamn: Hauff, Sundene. Og elles er det berre tale om familienamn med opphav utanfor bygda: Melby, Haag, Bull, Holst.

Det ligg i korta at ”jomfruektemennene” måtte vere folk med tolleg høg status, jamnt over. Giftarmålsmønstret på den tid drog i den lei. Og oppgåvene over namnetypar sannsynleggjer det same. Takk vere Christian Haag får vil presis greie på yrket. Det var så godt som ingen giftarmål med menn av ”lågare stand”. Handelsfuldmægtig Thomas Reiersen var son til kjøpmannen på Ormelet. Bakar Wilhelm Eberhad Haag var son til klokkaren. Vidare har vi musikklærar Anders Christian Larsen i Risør, og kjøpmann Ole Moe i Fredrikstad.
Alle utanom desse 4 var sjøfolk. Lågast sosial posisjon hadde kan hende los Christian Thorvald Schomer i Hurum og ”søfarende” Nikolai Holst på Grimestad. Men båe hadde familienamn, av ”finare” (utanlandsk) type. Men 12 av brudgomane var styrmenn, og heile 34 står med ”skibsfører” som yrke. Dei aller fleste ”jomfruene” fekk seg sin skipper.
Her høver det å snu på samanhengen, og sjå på kva status skipperbrurene hadde. Eg har alt nemnt at skipper Even Moe blei gift med ei ”pige”. Men det same galdt berre for 5 til: Niels Sørensen (Haug), Anders Christian Hansen (Haug, frå Sandar), Hans Andersen (Brøtsø), Søren Paulsen (Hellesmo), Anders Arnt Olsen (Ormelet). Ingen av desse hadde familienamn, men patronymikon. (Og 3 står som ”skipper”, ikkje ”skibsfører”.)
Det er klart at her var det skilt ut eit øvre lag i bygda, der dei gifta seg med einannan – ”like born leiker best”. Av brudgomane var i alle høve12 brør til ”jomfruer”. Men det var mange fleire som høyrde med i den gruppa, mange potensiell ”jomfrufedrar” er ikkje å finne i kyrkjeboka for desse snaue 17 åra. Dei hadde ikkje døtrer i det heile, eller døtrene gifta seg før 1853 eller etter 1869.
For å ta eit døme: Anders Jacobsen var skipper og skipsreder, han nytta familienamn, faren var Torger Jakobsen Hønsø. Anders hadd ei dotter, Berte, gift 1850. Men dei 4 sønene er med i vår liste: Torger Jacobsen (Skaugen), Jacob Jacobsen ((Gjervåg), Magnus Jacobsen (Kråkere), Anders Jacobsen (Holtane). Alle fire blei skipper, og alle gift med ”jomfruer”. Det er klart at Anders Jacobsen var rekna med i det øvste laget i bygda.
Endå tydelegare er det med Røed-familien. I lista er berre Lars O. Røed på Budal med, far til to ”jomfruer”. Broren Johannes på nedre Haug hadde dottera Maren, gift 1849, men to av sønene gifta seg med døtrene til Lars. Broren Otto Reinhard blei gift med ”jomfru” Barbara Hansen frå Meø. Broren Mathias (Mattis) på nordre Budal hadde to døtrer, men dei ble vigde før 1853. Men det er mange fleire døme. Ole J. Næss, men ikkje broren Thore, som ikkje hadde døtrer i rette alder.
I ei slik gruppe var det lagt opp til inngifte, til og med for nære skyldfolk. 1869 blei Gjert Gjertsen (Pytt) gift med syskenbarnet Emilie Marie Gjertsen (Gjervåg). Brørne Thovald Julius og Bernt Ludvig Røed frå nedre Haug gifta seg med syskenborna Thomine Brigida og Hanna Bache Røed frå Budal. ”Rekorden” hadde Ole Larsen Røed (d.y.) som 1847 gifta seg Med Teodora Karoline Røed, halvsyster til faren.

Men kva med dei 33 ”jomfrufedrane”? Kven var dei, og kva for yrke og status hadde dei? 1865 var det folketeljing, med oppføring av yrke. Mange av fedrane levde ikkje lenger då, men vi kjem langt på veg med dei som fanst i live. For det fyrste er det å understreke at så godt som alle dreiv gard, utan at det kom med i sjølve yrkestitelen. Av fedrane står 4 med titel skibsfører: Hans Sundene (Gjervåg), Lars Gjertsen (Gjervåg), Abraham Haraldsen (Bukkeli) og Hans Thorbjørnsen (Oppegard). Men 9 står eit hakk høgare, med titel skibsreder: Christian Larsen (Svelvika), Fredrik Wilhelm Sundene (nordre Sundane), Even Haraldsen (Bustangen), Torbjørn Larsen (Engø), Hans H. Torgersen (Holme), Johan Fr. Gjertsen (Rød-Brøtsø), Ole J. Næss (Nes), Anders Thorbjørnsen (Vestgarden), Anun Kruge (Sandø).
Det er tydeleg nok at ”jomfruene” stort sett har ein ”skibsreder” som far. Dei 4 som står som ”skibsfører” kunne nok ha kalla seg ”skibsreder”. Ved val av styre og varamenn til Tjømø Sparebank ved grunnleggjinga 1857 står Abr. Haraldsen som ”skibsrehder” (4. suppleant). Med same titel står Hans H. Torgersen, Fredr. Sundene og Anders Thorbjørnsen.. Det same gjeld Lars Ludvigsen (Hønsø), ”jomfrufar”, som døydde 1864.
Men dette sparebankvalet kan vi nytte vidare. Dei 18 mann var samansett av doktor Johannesen, den ”adelege” landhandlaren Munthe-Kaas (Sundane) og 16 med titel ”skibsrheder”. Her fanger vi inn fleire menn, som ikkje har vigde døtrer 1853-69: Anders Jacobsen, Johs. O. Røed og Thore Næss er alt nemnde. Vidare: Lars Bache (Kråkere), broren Torger Bache (Svelvika), Thore Thoresen (Kølabekk- ”jomfrubror”), Arnt C. Jacobsen (Sundane), Torger Gjertsen (Hønsø), C. F. Berg (Holtane), Henrik Torgersen (Budal) og Anon Hauff (Haug.)
Det finst 31 personar med yrkestitel ”skibsreder” i folketeljinga 1865, 10 er alt nemnde. Dertil har vi 7 som kom med i bankstyret: Torger Bache, Lars Bache, Torger Gjertsen, Anders Jacobsen, Arnt C. Jacobsen, Thore Næss, Thore Thoresen.
Kven var dei 14 andre? Så godt som alle er tett knytta til dei vi alt har møtt.Ole Larsen Røed (d.y.) var son til ”jomfrufar” Lars Røed, Mathias Røed var bror til Lars, Thorvald J. Røed (nedre Haug) var brorson og gift med dottera – ”jomfru” Thomine Brigida Røed. – Barbra Gjertsen (Kjære) var enke etter ”jomfrufar” Gjert Gjertsen (d. 1846), Gjert Gjertsen (Sundane) var son hans, det same var Nikolai Gjertsen (Sundane). Arent A. Thoresen var bror til Thore Thoresen, og ”jomfrubror”. Det same gjeld for broren Hans Thoresen (Ormelet). -Rikard Larsen (nordre Sundane) var gift med dotter til Magnus A. Sundene (”jomfrufar”) og overtok bruket. – Anton Thorbjørnsen (øvre Holtane) blei 1860 gift med jomfru Anne Pernille Norstrøm frå Fredriksvern. To av farbrørne til Anton var ”jomfrufedrar” og fastera var ”jomfrumor” (gift med Abraham Thoresen, Kølabekk.) Peter Severin Norstrøm (Holtekjær) var bror til Anne Pernille, og blei gift 1857 med stemor! til Anton, enkemadameAnette Thorbjørnsen. – Arnt Bockelie (Gon) var bror til ei ”jomfru” og gift med dotter til Mathias Røed (Budal). – Nikolai Thordsen var ”berre” frå Honerødstranda, blei skipper og gifta seg til bruk på øvre Holtane. Syster hans var gift med bror til kona, og dei var ”jomfruforeldre”.
Det står att berre ei kvinne som ”skibsreder” Anne Marie Andersdatter Helgerød, enke etter Arnt Olsen. Ingen av dei nytta familienamn. Arnt var los, kjøpte bruket, og hadde fleire skipspartar. Her er nok eit døme på folk som var på veg opp, utan tette band til det øvre lag i bygda. Borna tok Olsen som familienamn, fem søner blei skipper, to av dei dertil ”skibsreder”.

Midt på 1800-talet hadde det utvikla seg eit sosialt system på Tjøme, der det øvre lagetskilde seg ut ved sosialt godkjende ”merkelappar”. Mennene var som oftast ”skibsreder”, i det minste ”skibsfører”, og førde familienamn. Døtrene var ”jomfruer”.Og konene var ”madamer”. Det siste får vi berre greie på i kyrkjeboka ved nytt giftarmål. Enkemadame Anette Thorbjørnsen er alt nemnt. Jomfru Henriette Poulsen (Ormelet) vigde 1858 med ”skibsfører” Ludvig Larsen (Hønsø). Han omkom 1860, og 1866 blei enkemadame Henriette Marie Larsen gift med ”skibsfører” Ole Jensen (Holtekjær).(For ”vanlege folk” skriv klokkaren berre enke.)
Så godt som alle i dette øvre laget hadde eit større bruk, og storparten synte interesse for ”det nye” jordbruket, noko som ennå syner seg i store uthus frå den tid. 1874 var 20 mann frå Tjøme medlemer i Tønsberg og Omegn Landboforening.Det var lærar Mydland og 19 med titel ”skibsreder”. Så godt som alle har vi møtt ovanfor – Bache, Bochelie, Røed, Gjertsen, Haraldsen, Jacobsen, Poulsen, Thorbjørnsen, Thoresen, Torgersen.

Men kor gamal er denne sosiale skilnaden? Opphavet ser ut til å vere i den store ekspansjonen for Tjøme-skipsfarten i tiåra frammot 1807. Det store namnet her er Fredrik Torgersen Haug, frå Lindholmen på Nøtterøy. Han gifta seg til gard (bygsel) og skute med enka Ida Anunsdatter på nedre Haug 1775. Etter kvart kjøper han fleire og større skuter, og ”begav sjøen”. I folketeljinga 1801 fører presten opp Friderich Torgersen på Nedre Houg, 49år, ”skipper og gaardbruger”. Men same året vitner han som ”skibsrheder”, hans 6 skuter hadde passert Færder 26 gonger det året.
Han er den fyrste på Tjøme med den yrkestitelen. Og han er den fyrste som står fram med familienamn, han skreiv seg for Hauff, og den største skuta blei 1797 døypt Hauff-Lind. Dette er ein uvanleg skrivemåte for gardnamnet, og at han meinte det som familienamn kom klart fram 1804. Då kjøpte han Narverød i Slagen og flytta dertil (og tok med seg skutene). Han skreiv seg framleis for Hauff.
Bruk av gardnamn som familienamn finst det etter kvart fleire døme på. Sønene til Ole Larsen Røed kjøpte Budal 1820, og busette seg på kvart sit bruk. Men dei skreiv seg Lars Røed og Mathias Røed, ikkje Budal. Det same gjeld for broren Johannes Røed på nedre Haug, som han kjøpte 1825. Bocheli(e) som familienamn ser ut til å vere litt eldre. L. O. Bocheli overtok bruk på Gon 1813. Og bror hans, A. O. Bochelie kjøpte halve øvre Haug 1811.
Tidfestinga er lettare når gardnamnet kjem utanfrå bygda. Styrmann Hans Larssen Bache frå Borre gifta seg til gard og skute 1814 med enka etter Torger Jacobsen Hønsø. Dei flytta til gard på Kråkere stutt tid etter. Han tok ikkje namn etter desse gardane, men kalla seg Hans L. Bache. (Dei to sønene er omtalte ovanfor.)
Tidleg bruk av –sennamn har eg omtalt før (Torgersen). Det elste tilfellet ser ut til å vere Gjertsen. Anun Gjertsen kjøpte Pytt 1786, og (minst) 4 av borna tok Gjertsen som familienamn. Dette skjedde like etter år 1800 (Den eldste, Gjert A. Gjertsen på øvre Kjære var fødd 1780.) – Thorbjørnsen (Gunnarsrød) kom i bruk kring 1820 (den eldste med dette namnet fødd 1797). Poulsen (Ormelet) er nyare, eldste bror fødd 1820.
Ulike former av familienamn kom i bruk. Omleggjinga tok til heilt på slutten av 1700-talet, men fek større omfang etter 1820. Men fram til 1870 var det likevel ei mindregruppe av Tjøme-folket som skilte seg ut på denne måten – med økonomisk grunnlag i skipsfartskapital.
Alle hadde gard, men det var langt frå nok. Den fyrste brudgom med yrkestitel ”gaardbruger”var enkemann Johan Olsen på Haug 1866, og han var svensk! ”Skibsreder”-gardane skilde seg ut, ikkje berre med uthusa, men framfor alt i store og dobbelhøge våningshus. Serleg markert med ”noget med søyler”, som Skiensfrua sa: Nedre Haug, Rød, Kølabekk.

”Tjøme-eliten” stod høgt, men likevel – det fanst folk av høgare stand og rang. 1863 gifta ”doctor” Wilhelm Uchermann seg på Tjøme med Augusta Rosine Lovise Arendt. Familienamna viser at her var det to representantar for embetsmanns-skiktet, med utanlandsk rot. Augusta Rosine Lovise blei ikkje innskriven som ”jomfru”, men som ”frøken”. Og denne titelen hadde endå finare opphav, på 1600-talet galdt det ugifte kvinner av kongehuset!